Kulturhistorisk vandring i Langesund 8.8.23

Tirsdag 8 august hadde Langesund og Omegns Sjømannsforening sightseeing i Langesund sentrum for interesserte i regi av Geoparken i Genland. Det var lagt opp som en kulturhistorisk vandring i Langesund sentrum. Det var Geoparken som var initiativtaker til arrangementet.

Leif Hansen, Alf-Helland Olsen og Knut var guider for vandringen i sentrum av Langesund.

Stormen «Hans» bidro til at arrangementet ble vurdert avlyst. Men heldigvis fikk vi oppholdsvær.

Ca. 80 personer møtte opp. Noen sa det var 100 personer tilstede , men  det var  vanskelig  å  få med alle som møtte opp. Overveldende positiv respons og imponerende fremmøte til vandringen i Langesund sentrum.

Vårt Historiske Arkiv bidro og vi fikk positiv omtale!!

Idag 9.8 hadde også TA en artikkel om våre kjente men i Clark og Skougaard familiene, se fra TA.no Det er moro med lokalhistorie.

Fra historielaget kom følgende takk, med bilder:

Geoparken arrangerte kulturhistorisk vandring i Langesund 8. aug. ledet av Knut Bjerke. Mange av historielagets medlemmer var blant de ca. 70 som var med på denne tuen. Frammøte ved Langesund kirke, hvor Knut tok oss med til Skaugårds familiegravsted. Han fortalte om familien og den styrtrike amerikanske familievennen Clark som ble Langesunds velgjører. På den to timer lange turen fikk også vi høre historier om vikinger, Tordenskiold, Cudrio, Wrigtht og mye annet. En flott tur med flink guide støttet av Leif Hansen og Alf Helland Olsen.

«Brotherly Love»

Ein kan gjera så mangt i fritida – og ferien, for dei av oss som har dét – og er du interessert i lokalhistorie og kjem til nye stader, ja, så kan ei vandring på den lokale kyrkjegarden vera eit naturleg mål for å spole tida tilbake til nær- eller meir fjern fortid.

I juli besøkte dotter mi og eg Langesund kirkegård der vi straks innafor porten fant eit stort inngjerda gravfelt med ulike namn frå den kjende Skougaardslekta som har prega småbyens historie på ulikt vis over ein tidsepoke på ei par hundre år.

Sentalt i dette gravminne står ein lekamstor statue i kvit marmor som fangar blikket og interessa både ved sin klassiske venleik og uvanlege materialvalg og motiv. For å finne meir ut om bakgrunnen søkjer ein gjerne til pålitelege kjelder – i dette tilfelle for å finne litt meir om skulpturen; namn, kunstnar og det høvet som er bakgrunn for at monumentet hamna just her. Google og nettet er stort sett ei påliteleg kjelde, men akkurat her er boka «Fra Langesunds historie» av Jac Lund-Tangen den beste. Denne utgåva er eit nyopptrykk i 1994 av forfattarens originalutgave frå 1977, og bekosta utgitt i regi av Styret i Langesund Vel.

Søkjer du på nettet finn du også i «Skeivt arkiv» fylgjande, i redigert utdrag:

På kirkegården i Langesund finner en et vakkert minnesmerke over Lorentz Severin Skougaard (1837 – 1885). Han kom fra skipsrederfamilien Skougaard i Langesund og utdannet seg til operasanger i Tyskland, Paris og Italia. Scenenavnet hans var Skougaard – Severini.

Og vidare:

Minnesmerket på kirkegaarden, som har navnet «Brotherly Love» , ble utformet av en berømt amerikansk billedhugger, George Gray Barnad(Sic. Eg. Barnard), på oppdrag fra den amerikanske symaskinmagnaten Alfred Corning Clark (1844 – 1896). Han var enearving til Singer Sewing Machine Company og såleis svært velstående. Minnesmerket ble til for å hedre Lorentz Severin Skougaard og det 19 år lange forholdet de to mennene hadde hatt. Clark var styrtrik familiemann i US, men levde også eit langt mer homoorientert liv, særlig på sine reiser i Europa. Minnesmerket viser to unge menn som rekker hverandre hånden gjennom en mur. Symbolet på et vennskap som intet kunne adskille.

Opphavet til krøniken om Skougaardfamilien i Langesund er at i 1852 blei ein sjøkaptein frå Egvaag, Jonas Eilertsen Lund Skougaard ansatt som tollbetjent i Langesund. Hans, og kona Sara Helene’s eldste son, fekk namnet Lorentz Severin Skougaard og var, som nemnt født i 1837 (i Farsund) og flytta som femtenåring med foreldra til Langesund der han voks opp. Som ung mann blei han så sendt til ein onkel i Memel, Tyskland for å studere handelsfag. Men snart blei ein der merksam på hans usedvanlege anlegg som sanger – og utdannelsen hans blei der og da endra fra merkantile fag til sang og musikk! Han blei snart ein framgangsrik og feira tenor i Tyskland men studerte, som nemt, også vidare i Paris og Italia. Han gjesta kjende scener over heile Europa – til dømes var han i 1864 engasjert i Stockholm, og deretter i Berlin og Christiania – nå som ‘Skougaard – Severini’ !

Under ein konsertturné møtte han så amerikanaren Alfred Corning Clark, og desse to blei nære venner – eit vennskap som varde heile livet! Begge døde relativt unge, Skougaard blei bare 48 år gamal og Clark 52.

Sangerens onkel, ingeniør Jens Christian Lund Skougaard blei også kjent med Clark og dei blei svært gode venner – og Skougaard fekk bl.a. oppdrag av teknisk art i Clarks heimetrakter. Eg nemner dette fordi Clark i eit tidleg besøk i Langesund hadde kjøpt både Langøy og Lilløy fordi eigaren hadde planlagt uthogst av all skog på øya og dette kunne naturvennen Clark ikkje godta! Seinare testamenterte Clark, i 1892, båe øyane til Jens Christian Skougaard pluss ei par byeigedomar i USA. For desse generøse gavene og Clarks langvarige gavmildhet til Langesund by, generellt , belutta så Skougaardfamilien seinare å hedre vennen ved å kalle deira rause gave til byen; «Clarks Minde» – ein pleieheim for eldre som, med utvidingar og endringar, eksisterar og fungerar den dag i dag!

Siste gong Clark besøkte Langesund var den 25. mai 1894, to år før han døydde, og 25 år etter hans fyrste besøk, og då blei dette jubileet feira med stor folkefest i byen. Det var flagging ‘i byen og på havnen’. Deputasjonar møtte opp med taler og takkeadresser – bl.a. frå eit samla bystyre. Om kvelden var det illuminerte båttog på sundet og fyrverkeri frå Langøya. Sanger blei dikta og frå ein av desse sangane tar eg med eit par vers:

Tak, du fremmede Velgjører

For ditt Hjertelag.

Han, hvem Lys og Fred tilhører,

Signe rikt din dag.

Ja, saa tidt fra Hus og Hytte

Stiger varmt i Bøn:

Gud velsigne og beskytte

Denne Vestens Søn.

Det er nokså tilfeldig, og litt rart, at eit besøk på ein kyrkjegard, og litt kjeldegransking, fører til ny viten om ein interessant epoke i småbyens historie. Vi blir godt kjent med dei to hovudpersonaner, som tilfeldig treftest, og som utvikla eit livslangt vennskap og positiv sameksistens. Den smale veg dei valde den gongen, for eit par århundre sidan, kan ikkje ha vore lett å ferdas på – og gjennomføre under allmuens undrande skråblikk og nyfikne?

Ein tanke slår ein:

Kva om dette hadde hendt i våre dagar med våre nye, liberale veremåtar – og eit lovverk som er radikalt endra?

Kanskje ville feiringa av 25-årsjubileet blitt slått saman med «årets» pridemarsj i Langesund – og kanskje ville desse to vennene gått hand i hand først i toget – frimodig viftande med sine regnbogeflagg?